# started 2014-09-02T08:17:16Z "Sekken er ei øy i Molde kommune i Møre og Romsdal. Ho er 18,45 km² stor, har om lag 150 innbyggjarar (2005), og ligg ca 40 minutts ferjetur frå Molde by.Det høgste punktet på øya er Tranhaugen på 304 meter. Det går ein 20 kilometer lang grusveg rundt øya, som har barne- og ungdomsskule og barnehage, samt daglegvarebutikken Samsen, bygd på dugnad. Andreas Lunnans programserie Rundt neste sving på NRK hadde i 2003 ein dokumentar frå Sekken.Namnet Sekken har ikkje noko med ein sekk å gjere, men kjem frå norrønt /sæ-kinn/, som tyder noko slikt som «det bratte landet som stig opp frå sjøen». Denne eigentlege tydinga visest òg i måten den opphavlege lokalbefolkninga uttalar namnet på øya, /sekkjinn/. Sekken er nemleg den brattaste og høgste øya i Romsdalsfjorden, mens dei andre, som Veøya og Bolsøya, er relativt flate."@nn . "Nynorsk, før 1929 offisielt kalla landsmål, er sidan jamstillingsvedtaket av 12. mai 1885 ei av to offisielle målformer av norsk; den andre er bokmål. Nynorsk blir i dag nytta av om lag 10–15% av innbyggjarane i Noreg. Skriftspråket er basert på nynorsk talemål, det vil seie dei moderne norske dialektane til skilnad frå gamalnorsk og mellomnorsk. Når ein seier at nokon snakkar nynorsk, meiner ein helst at dei snakkar nynorsk normaltalemål. Dei færraste dialekttalande nordmenn seier at dei snakkar nynorsk, men det er ikkje uvanleg i kjerneområda til nynorsken. Dette tilhøvet mellom tale og skrift ligg bak målrørsla sitt slagord sidan 1970-talet: «Snakk dialekt – skriv nynorsk!» Nynorske dialektar blir snakka over heile landet, men det er berre på Vestlandet utanom dei største byene og i dei austlandske fjellbygdene at skriftspråket står sterkt. Det vil seie at dei fleste dialekttalarane har bokmål som det primære skriftspråket sitt.Ein iaugefallande skilnad mellom nynorsk standardspråk og nynorske dialektar er at standardspråket tradisjonelt er prega av purisme i ordtilfanget med avgrensing mot ord av dansk og lågtysk opphav, sjølv om desse orda kan vere utbreidde i dialektane. Skriftspråket har derfor helst brukt ord som kan førast attende til gammalnorsk der slike har funnest i levande talemål. Formelt er purismen no stort sett avskaffa, men mange tradisjonelle nynorskord er godt innarbeidde og pregar det moderne skriftspråket.Nynorsk normaltalemål er lite utbreidd utanfor situasjonar der ein er bunden av manus, som nyheitsopplesarar og skodespelarar. Det gjer at born kjenner det nynorske standardspråket dårlegare enn bokmål før dei lærer å lese, nynorsk må derfor i større grad enn bokmål lærast på skulen. Dominansen til bokmålet gjer òg at dei som primært skriv nynorsk, både les og skriv meir bokmål enn bokmålsbrukarar les og skriv nynorsk. Dei nasjonale media, inkludert TV, radio, aviser, teikneseriar og bøker, er dei same over heile landet, så det er fyrst og fremst gjennom regionale TV- og radiosendingar, region- og lokalaviser, skule, yrkesliv (avhengig av yrke) og privat kommunikasjon at nynorsken står sterkare i nynorskområda enn i resten av landet.Sidan det nynorske standardspråket er mindre utbreidd enn bokmål i skrift og tale, er nynorsk markert medan bokmål er umarkert. Det vil seie at nynorskbrukarar oftare må forklare og forsvare sitt språkval. Det har nynorsk sams med mange minoritetsspråk, og det kan forklare kvifor negative haldningar til nynorsk er utbreidde."@nn . "Møre og Romsdal fylke er eitt av 19 fylke i Noreg, som grensar i aust og nordaust til Sør-Trøndelag fylke, i søraust til Oppland fylke, i sør til Sogn og Fjordane fylke og i nordvest ut mot norskehavet. Historisk har Møre og Romsdal vore delt inn i tre fogderi: Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Desse tre landskapa vert i dag nytta som ei vanleg inndeling av fylket, og kvar av dei har eit større bysentrum; Ålesund, Molde og Kristiansund.Fylkesvåpenet til Møre og Romsdal vart fastsett i 1978. Det synar på blå botn tre gullskip sett frå framsida og symboliserer skipsleia som var den viktigaste ferdselsåra i tidlegare tider. Fylkesblomen til Møre og Romsdal er bergfrue og fylkessteinen er gneis."@nn . "Aukra er ein kommune i Romsdal i Møre og Romsdal. Kommunen ligg ved kysten og grensar til Sandøy kommune, Midsund kommune, Fræna kommune og Molde kommune. Det bor om lag 3000 menneske i kommunen. Størstedelen av desse bur på øya Gossen, medan om lag 600 bur på fastlandsdelen av Aukra, Julsundet.Gossen har i den seinare tid opplevd ei stor industriell utbygging. Ein av dei største gassterminalane i Nord-Europa, som skal ta imot gass frå Ormen Lange-feltet og senda denne vidare til store delar av Europa, er under utbygging.Før gassen kom til Aukra, var dei største skatteinntektene der henta frå landbruk, fiskeindustri og skipsbygging.Aukra kyrkje ligg på Gossa og er kyrkje for heile kommunen."@nn . "Tustna er namnet på ei øy og ein tidlegare øykommune på Nordmøre i Møre og Romsdal som 1. januar 2006 blei slegen saman med Aure kommune. Tustna er særleg kjend for variert natur og eit dyreliv som mellom anna inkluderer ein solid hjortestamme og mykje havørn. Folk som kjem frå Tustna blir kalla tustningar. Ved kommunesamanslåinga var Tustna den minste kommunen i Møre og Romsdal i folketal, etter å ha veksla på denne posisjonen med Stordal kommune sidan slutten av 1990-talet. Den tidlegare kommunen Tustna inneheld øyane Tustna, Stabblandet, Golma og Solskjel, og i tillegg mange mindre øyar og holmar. Tidlegare inkluderte kommunen òg dei fleste gardane langs vestsida av Ertvågsøya. Tustna grensa til Smøla i nord, resten av Aure i aust, Halsa og Tingvoll i sør og Frei og Kristiansund i vest."@nn . "Gjemnes kommune er ein kommune som ligg på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Han grensar i vest mot Eide og Fræna, i sør mot Molde og i sørvest mot Nesset. Nord for Gjemnes ligg Averøy og Kristiansund, og over Tingvollfjorden i aust ligg Tingvoll kommune.Kommunesenteret i Gjemnes er Batnfjordsøra som ligg inst i Batnfjorden.Det er to kyrkjer i kommunen; Gjemnes kyrkje som ligg i bygda Gjemnes, og Øre kyrkje i Skeisdalen."@nn . "Fræna kommune er ein kommune i Romsdal i Møre og Romsdal fylke. Kommunen ligg på Romsdalshalvøya, nord for Molde, og grensar til Eide kommune og Gjemnes kommune i nordaust, Aukra kommune i vest og Molde kommune i sør. Kommunen har dei noverande grensene sine frå 1964, då kommunane Fræna, Bud og Hustad vart slått saman til nye Fræna kommune.Elnesvågen er administrasjonssenter og største tettstad i kommunen. Busetnaden i kommunen er spreidd, men tettar seg til i og kring kommunesenteret og i Bud vest i kommunen. Fræna har fire kyrkjer, Myrbostad kyrkje, Bud kyrkje, Hustad kyrkje og Vågøy kyrkje.Dumperprodusenten Moxy ligg i Fræna."@nn . "Aure er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal som frå 1. januar 2006 inkluderer den tidlegare Tustna kommune. Aure kommune grensar til Hemne kommune og Hitra kokmmune i Sør-Trøndelag i aust, Kristiansund kommune (Frei) i vest og Tingvoll kommune og Halsa kommune i sør, medan Smøla kommune ligg i nordvest, rett nordom Edøyfjorden.Folk som kjem frå sjølve Aure, inkludert Ertvågsøya blir kalla aurgjeldingar og målføret deira aurgjelding. Folket som kjem frå tidlegare Stemshaug kommune blir kalla stemshaugingar, og dei snakkar ei undergruppe av aurgjelding som blir kalla stemshauging når ein vil vera ekstra presis. Folk frå den tidlegare Tustna kommune blir kalla tustningar og dialekten der blir kalla tustning."@nn . "Haram er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal.Kommunen grensar i aust mot Vestnes kommune og i søraust mot Skodje kommune. Over Grytafjorden i sør ligg Ålesund kommune, og mot vest ligg øykommunen Giske kommune. Mot nord ligg Sandøy kommune og Midsund kommune. Administrasjonssenteret i Haram er Brattvåg, med om lag 2300 innbyggjarar."@nn . "Halsa er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Kommunen inkluderer dei tidlegare herada Halsa og Valsøyfjord, og i tillegg Engdal krins, som tidlegare høyrde til Aure herad. Kommunesenteret ligg på Liabø, mellom Vågland og Betna. Nabokommunar er Aure i nord, Hemne i Sør-Trøndelag i aust, Rindal og Surnadal i sør og Tingvoll i vest."@nn . "Hareid er ein kommune og ein tettstad på øya Hareidlandet på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Vest på øya ligg Ulstein kommune. Elles er kommunen omgjeven av øykommunane Giske og Sula i nord og aust, og over Vartdalsfjorden av Ørsta.Dei andre krinsane i kommunen er: Bigset Brandal Hjørungavåg↑"@nn . "Eide er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Han grensar mot Gjemnes i søraust og Fræna i sørvest, medan Averøy ligg nord for Kornstadfjorden."@nn . "Midsund er eit herad i Romsdal i Møre og Romsdal. Heradet er omgjeve av herrada Aukra (mot nord og aust), Molde i aust, Vestnes (sør), Haram (sørvest) og Sandøy (vest). Herradet er for tida inne i ei negativ utvikling med minkande folketal.Det er to kyrkjer i Midsund, begge på Otrøya, Nord-Heggdal kapell og Otrøy kyrkje."@nn . "Kristiansund (eldre namn Fosna) er ein bykommune med om lag 22 937 innbyggjarar pr 1. januar 2009 på ytre Nordmøre i Møre og Romsdal. Byen ligg i havgapet og har totalareal på 87 km2 etter samanslåinga med Frei frå den 1. januar 2008. Før kommunesamanslåinga bestod Kristiansund av dei tre øyane Innlandet, Nordlandet og Kirklandet/Gomalandet på til saman 22 km2, samt frå 1964 fiskeværet Grip — eit fråflytta lite fiskerisamfunn og ein gong Noregs minste kommune."@nn . "Giske kommune er ein øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal, rett vestom byen Ålesund. Kommunen består av dei to flate øyane Giske og Vigra, og to meir ulendte, Godøya og Valderøya. Kommunesenteret ligg på Valderhaugstranda på Valderøya, medan Vigra er den største øya. Giske kommune har 4 tettstader: Valderøya på Valderøya med 3 449 innbyggjarar (2012) Roald på Vigra med 775 innbyggjarar (2012) Leitebakk på Godøya med 592 innbyggjarar (2012) Giske på Giske med 593 innbyggjarar (2012) Hovudnæringar i kommunen er fiske og jordbruk, fiskeoppdrett og noko mekanisk industri."@nn . "Sjå òg Rauma (fleirtyding).Rauma kommune ligg i Romsdal i Møre og Romsdal fylke og grensar til Norddal i sørvest, Stordal i vest, Vestnes i nordvest, Molde i nord, Nesset i aust og til to kommunar i Oppland, Skjåk i sør og Lesja i søraust. Kommunen vart oppretta i 1964 ved samanslåing av kommunane Grytten, Voll, Eid, Hen og delar av Veøy.Administrasjonssenteret i kommunen er Åndalsnes. Lokalavisa er Åndalsnes Avis som kjem ut tre gonger i veka."@nn . "Rindal er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Han grensar til Hemne og Orkdal i nord, Meldal i aust, Rennebu og Oppdal i sør, og Surnadal i vest."@nn . "Nesset kommune ligg i Romsdal i Møre og Romsdal fylke og grensar i vest til Rauma, i nordvest til Gjemnes og Molde, i aust til Sunndal og i sør til Lesja i Oppland fylke. I nord ligg Tingvoll kommune nord for Sunndalsfjorden."@nn . "Molde er ein bykommune i Romsdal i Møre og Romsdal, 362 km², 23 975 innb. (oktober 2002). Kommunen ligg på nordsida av Romsdalsfjorden og strekkjer seg austover i den tidlegare Bolsøy kommune kring Fannefjorden, omfattar halvøya mellom henne og Langfjorden, og dessutan øyane Sekken (18,45 km²), Veøy (1,1 km²) og Bolsøy (4,9 km²).Molde har eit velkjend utsyn mot det såkalla Moldepanoramaet som tel 222 tindar. Molde vart ladestad i 1614 og kjøpstad i 1742. Bykjernen vart hardt skadd ved bybrannen den 21. og 22. januar 1916, og seinare ved tysk bombing i april 1940 (285 bygningar totalskadd). Vart attreist med store forretningsgårdar langs breie gater.Byen er Romsdals sentrum og fylket Møre og Romsdals administrasjonsby; bispesete frå 18. september 1983.Industrien omfattar m.a. Oskar Sylte Mineralvannfabrikk (kjend for ein god ananasbrus), skipsverft og annan verkstadindustri, samt ein stor lysarmaturfabrikk (Glamox). Her ligg òg ein høgskole (tidlegare ei avdeling av distriktshøgskulen i fylket), stort sjukehus, flott fotballstadion, Romsdalsmuseet og den gamle storgarden Moldegård, amtmannsbolig frå 1704, modell for Ibsens \"Rosmersholm\". Molde vert vitja av mange turistar, og mest hektisk er det under jazzfestivalen midt i juli.Høgskolen i Molde ligg like vest for Molde sentrum og tilbyr bachelor- og mastergradsstudier innan fagområda, økonomi, informatikk, samfunnsfag, helse- og sosialfag. I tillegg tilbyr Høgskolen i Molde doktorgradsutdanning i logistikk.I Molde ligg òg republikken Makedonia sitt generalkonsulat i Noreg.1890-åras idyll med småe hus og store, bugnande hagar, gav Molde tilnamnet \"Rosenes by\".Molde er òg kjend for fotballaget sitt, Molde Fotballklubb, som i mange år har hevda seg helt i toppen (med Champions League-spel i 1999 som høgdepunkt).Molde lufthamn ligg på Årø austom byen. Byen er hamn for hurtigruteanløp."@nn . "Norddal er ein kommune på indre Sunnmøre i Møre og Romsdal. Han grensar til Stordal i nordvest, Rauma i nord og aust, Skjåk i søraust, og Stranda i sør og vest. Bygder i kommunen er Eidsdal,Fjørå, Tafjord, Valldal, og Norddal (Dalsbygda). Kommunesenteret ligg på Sylte i Valldal. Det er skular (til og med 10. trinnet) i Valldal og Eidsdal, næraste vidaregåande skule er Stranda. Norddal er også prestegjeld med kyrkjer på Sylte og i Dalsbygda.Kommunen er ein av dei store jordbrukskommunane på Sunnmøre. I kommunen vert det dyrka mellom anna korn, jordbær og aprikos. I kommunevåpenet finn ein att jordbæra. Norddal kommune, og særskilt Tafjord, er kjent for relativt mildt klima og vill natur. Alle bygdene unnateke Fjørå er djupe dalar. Tafjord Kraft nyttar fallhøgdene i Tafjordvassdraget (og Muldal) og nedbørsfeltet i Tafjordfjella til produksjon av elektrisitet.Langs Tafjorden, innover Sunnylvsfjorden og utetter Storfjorden var det ei rad veglause fjord- og fjellgardar, til dømes Skrenakken, Verpesdalen og Smoge. Alle gardane var fråflytta før 1960. Storfjordens venner driv vern av desse kulturminna."@nn . "Jødedommen er den religiøse kulturen åt det jødiske folket. Han er ein av dei først dokumenterte monoteistiske religionane og ein av dei eldste religiøse tradisjonane som framleis blir praktisert utan avbrot. Truspr