# started 2014-08-16T14:30:01Z "Norsk språkråd var eit statleg rådgjevande organ i spørsmål som galdt norsk språk — både bokmål og nynorsk — overfor offentlege institusjonar så vel som overfor ålmenta."@nn . "Sekken er ei øy i Molde kommune i Møre og Romsdal. Ho er 18,45 km² stor, har om lag 150 innbyggjarar (2005), og ligg ca 40 minutts ferjetur frå Molde by.Det høgste punktet på øya er Tranhaugen på 304 meter. Det går ein 20 kilometer lang grusveg rundt øya, som har barne- og ungdomsskule og barnehage, samt daglegvarebutikken Samsen, bygd på dugnad."@nn . "Nynorsk, før 1929 offisielt kalla landsmål, er sidan jamstillingsvedtaket av 12. mai 1885 ei av to offisielle målformer av norsk; den andre er bokmål. Nynorsk blir i dag nytta av om lag 10–15% av innbyggjarane i Noreg. Skriftspråket er basert på nynorsk talemål, det vil seie dei moderne norske dialektane til skilnad frå gamalnorsk og mellomnorsk. Når ein seier at nokon snakkar nynorsk, meiner ein helst at dei snakkar nynorsk normaltalemål."@nn . "Møre og Romsdal fylke er eitt av 19 fylke i Noreg, som grensar i aust og nordaust til Sør-Trøndelag fylke, i søraust til Oppland fylke, i sør til Sogn og Fjordane fylke og i nordvest ut mot norskehavet. Historisk har Møre og Romsdal vore delt inn i tre fogderi: Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Desse tre landskapa vert i dag nytta som ei vanleg inndeling av fylket, og kvar av dei har eit større bysentrum; Ålesund, Molde og Kristiansund.Fylkesvåpenet til Møre og Romsdal vart fastsett i 1978."@nn . "Aukra er ein kommune i Romsdal i Møre og Romsdal. Kommunen ligg ved kysten og grensar til Sandøy kommune, Midsund kommune, Fræna kommune og Molde kommune. Det bor om lag 3000 menneske i kommunen. Størstedelen av desse bur på øya Gossen, medan om lag 600 bur på fastlandsdelen av Aukra, Julsundet.Gossen har i den seinare tid opplevd ei stor industriell utbygging."@nn . "Tustna er namnet på ei øy og ein tidlegare øykommune på Nordmøre i Møre og Romsdal som 1. januar 2006 blei slegen saman med Aure kommune. Tustna er særleg kjend for variert natur og eit dyreliv som mellom anna inkluderer ein solid hjortestamme og mykje havørn. Folk som kjem frå Tustna blir kalla tustningar. Ved kommunesamanslåinga var Tustna den minste kommunen i Møre og Romsdal i folketal, etter å ha veksla på denne posisjonen med Stordal kommune sidan slutten av 1990-talet."@nn . "Gjemnes kommune er ein kommune som ligg på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Han grensar i vest mot Eide og Fræna, i sør mot Molde og i sørvest mot Nesset. Nord for Gjemnes ligg Averøy og Kristiansund, og over Tingvollfjorden i aust ligg Tingvoll kommune.Kommunesenteret i Gjemnes er Batnfjordsøra som ligg inst i Batnfjorden.Det er to kyrkjer i kommunen; Gjemnes kyrkje som ligg i bygda Gjemnes, og Øre kyrkje i Skeisdalen."@nn . "Fræna kommune er ein kommune i Romsdal i Møre og Romsdal fylke. Kommunen ligg på Romsdalshalvøya, nord for Molde, og grensar til Eide kommune og Gjemnes kommune i nordaust, Aukra kommune i vest og Molde kommune i sør. Kommunen har dei noverande grensene sine frå 1964, då kommunane Fræna, Bud og Hustad vart slått saman til nye Fræna kommune.Elnesvågen er administrasjonssenter og største tettstad i kommunen."@nn . "Aure er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal som frå 1. januar 2006 inkluderer den tidlegare Tustna kommune. Aure kommune grensar til Hemne kommune og Hitra kokmmune i Sør-Trøndelag i aust, Kristiansund kommune (Frei) i vest og Tingvoll kommune og Halsa kommune i sør, medan Smøla kommune ligg i nordvest, rett nordom Edøyfjorden.Folk som kjem frå sjølve Aure, inkludert Ertvågsøya blir kalla aurgjeldingar og målføret deira aurgjelding."@nn . "Haram er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal.Kommunen grensar i aust mot Vestnes kommune og i søraust mot Skodje kommune. Over Grytafjorden i sør ligg Ålesund kommune, og mot vest ligg øykommunen Giske kommune. Mot nord ligg Sandøy kommune og Midsund kommune. Administrasjonssenteret i Haram er Brattvåg, med om lag 2300 innbyggjarar."@nn . "Halsa er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Kommunen inkluderer dei tidlegare herada Halsa og Valsøyfjord, og i tillegg Engdal krins, som tidlegare høyrde til Aure herad. Kommunesenteret ligg på Liabø, mellom Vågland og Betna. Nabokommunar er Aure i nord, Hemne i Sør-Trøndelag i aust, Rindal og Surnadal i sør og Tingvoll i vest."@nn . "Hareid er ein kommune og ein tettstad på øya Hareidlandet på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Vest på øya ligg Ulstein kommune. Elles er kommunen omgjeven av øykommunane Giske og Sula i nord og aust, og over Vartdalsfjorden av Ørsta.Dei andre krinsane i kommunen er: Bigset Brandal Hjørungavåg↑"@nn . "Eide er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Han grensar mot Gjemnes i søraust og Fræna i sørvest, medan Averøy ligg nord for Kornstadfjorden."@nn . "Midsund er eit herad i Romsdal i Møre og Romsdal. Heradet er omgjeve av herrada Aukra (mot nord og aust), Molde i aust, Vestnes (sør), Haram (sørvest) og Sandøy (vest). Herradet er for tida inne i ei negativ utvikling med minkande folketal.Det er to kyrkjer i Midsund, begge på Otrøya, Nord-Heggdal kapell og Otrøy kyrkje."@nn . "Kristiansund (eldre namn Fosna) er ein bykommune med om lag 22 937 innbyggjarar pr 1. januar 2009 på ytre Nordmøre i Møre og Romsdal. Byen ligg i havgapet og har totalareal på 87 km2 etter samanslåinga med Frei frå den 1. januar 2008. Før kommunesamanslåinga bestod Kristiansund av dei tre øyane Innlandet, Nordlandet og Kirklandet/Gomalandet på til saman 22 km2, samt frå 1964 fiskeværet Grip — eit fråflytta lite fiskerisamfunn og ein gong Noregs minste kommune."@nn . "Giske kommune er ein øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal, rett vestom byen Ålesund. Kommunen består av dei to flate øyane Giske og Vigra, og to meir ulendte, Godøya og Valderøya. Kommunesenteret ligg på Valderhaugstranda på Valderøya, medan Vigra er den største øya."@nn . "Sjå òg Rauma (fleirtyding).Rauma kommune ligg i Romsdal i Møre og Romsdal fylke og grensar til Norddal i sørvest, Stordal i vest, Vestnes i nordvest, Molde i nord, Nesset i aust og til to kommunar i Oppland, Skjåk i sør og Lesja i søraust. Kommunen vart oppretta i 1964 ved samanslåing av kommunane Grytten, Voll, Eid, Hen og delar av Veøy.Administrasjonssenteret i kommunen er Åndalsnes. Lokalavisa er Åndalsnes Avis som kjem ut tre gonger i veka."@nn . "Rindal er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Han grensar til Hemne og Orkdal i nord, Meldal i aust, Rennebu og Oppdal i sør, og Surnadal i vest."@nn . "Nesset kommune ligg i Romsdal i Møre og Romsdal fylke og grensar i vest til Rauma, i nordvest til Gjemnes og Molde, i aust til Sunndal og i sør til Lesja i Oppland fylke. I nord ligg Tingvoll kommune nord for Sunndalsfjorden."@nn . "Molde er ein bykommune i Romsdal i Møre og Romsdal, 362 km², 23 975 innb. (oktober 2002). Kommunen ligg på nordsida av Romsdalsfjorden og strekkjer seg austover i den tidlegare Bolsøy kommune kring Fannefjorden, omfattar halvøya mellom henne og Langfjorden, og dessutan øyane Sekken (18,45 km²), Veøy (1,1 km²) og Bolsøy (4,9 km²).Molde har eit velkjend utsyn mot det såkalla Moldepanoramaet som tel 222 tindar. Molde vart ladestad i 1614 og kjøpstad i 1742."@nn . "Norddal er ein kommune på indre Sunnmøre i Møre og Romsdal. Han grensar til Stordal i nordvest, Rauma i nord og aust, Skjåk i søraust, og Stranda i sør og vest. Bygder i kommunen er Eidsdal,Fjørå, Tafjord, Valldal, og Norddal (Dalsbygda). Kommunesenteret ligg på Sylte i Valldal. Det er skular (til og med 10. trinnet) i Valldal og Eidsdal, næraste vidaregåande skule er Stranda."@nn . "Jødedommen er den religiøse kulturen åt det jødiske folket. Han er ein av dei først dokumenterte monoteistiske religionane og ein av dei eldste religiøse tradisjonane som framleis blir praktisert utan avbrot. Trusprinsippa og historia åt jødedommen dannar ein hovuddel av grunnstammen i dei andre abrahamittiske religionane, inkludert kristendommen og islam (med dei to utleidde religionane bahá’í og sikhisme)."@nn . "Sandøy kommune ligg i Romsdal i Møre og Romsdal fylke og grensar til Haram i sør, til Midsund i aust og til Aukra i nord. Kommunen vart skilt ut frå Aukra i 1867, og har sine noverande grenser frå 1965 då den sørlege delen av Harøya som høyrde til Haram vart overført til Sandøy."@nn . "Skodje (uttalast Skøye) er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Han grensar mot Haram kommune i nord, Ørskog kommune i aust og Ålesund kommune i vest. Over Storfjorden mot sør ligg Sykkylven kommune."@nn . "Stordal er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Han grensar til Ørskog i nordvest, Vestnes i nord, Rauma i aust, Norddal i søraust, Stranda i sør og til Sykkylven i vest. Kommunen vart oppretta då han vart skild ut frå Stranda kommune i 1892. Han vart slått saman med Ørskog kommune og Skodje kommune i 1965, men den nye storkommunen vart oppløyst att i 1977, og Stordal vart eigen kommune igjen. Stordal er den minste kommunen i Møre og Romsdal etter folketal."@nn . "Stranda er ein kommune i Møre og Romsdal. Han ligg ved Storfjorden på Indre Sunnmøre. Kommunesenteret er Stranda. I kommunesenteret og bygdene rundt bur det knapt 3.400 innbyggjarar, men bygdene Geiranger (250 innb.), Hellesylt (680 innb.), Liabygda (260 innb.) ligg òg i kommunen. Sentrum med kyrkja er oppført på gården Sløgstad (også kalla Slyngstad)."@nn . "Sunndal er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Kommunesenter er Sunndalsøra. Kommunen inneheld dei gamle herada Sunndal, Øksendal og Ålvundeid så vel som Ålvundfjord krins av tidlegare Stangvik herad. Sunndal har ca 7500 innbyggjarar, av dei bur rundt 4500 i tettstaden Sunndalsøra. I arbeids- og næringslivet i Sunndal er det aluminiumsverket som dominerer, med ca 900 arbeidsplassar. Verket er nyleg (2004) modernisert, samtidig som det feirar 50-års-jubileum."@nn . "Smøla er ein øykommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Over Ramsøyfjorden i aust ligg øya og kommunen Hitra, og over Edøyfjorden i sør ligg Aure og Tustna. Ein person frå Smøla blir kalla «smølaværing» eller «smølværing».Kommunevåpenet frå 1989 viser to oppflygande sølv måkar på raud bakgrunn."@nn . "Sula er ein øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen har grenser til Ålesund, Hareid og Ørsta.Med flatevidd på 58 km² er Sula ein av dei minste kommunane i Møre og Romsdal. Han er òg ein av dei mest folketette, med 119 innbyggjarar per km². Nord for øya ligg Borgundfjorden og i sør Storfjorden. Det høgaste punktet på øya er Vardane på Sulafjellet, 776 moh."@nn . "Surnadal er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar til Halsa og Hemne i nord, Rindal i aust, og Sunndal i sør. Over fjorden ligg Tingvoll kommune.Surnadal kommune ligg ved foten av Trollheimen. Han er sett saman av fleire dalar, med Surnadalen som den viktigaste. Dei mindre dalane er Bæverfjord, Bæverdalen, Bøfjorden, Østbødalen, Søyådalen, Todalen, Kvanne og Stangvik. Frå Surnadal strekk det seg fleire seter- og fjelldalar langt inn i sentrum av Trollheimen."@nn . "Tingvoll kommune ligg på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunesenteret Tingvoll har gjeve namn til Tingvollhalvøya, ei halvøy mellom Tingvollfjorden i vest, Halsafjorden og Trongfjorden i aust og Freifjorden i nordvest. Tingvoll kommune grensar til Sunndal kommune i søraust. Elles er han omgjeven av kommunane Aure i nord, Halsa i nordaust, Surnadal i aust, Nesset i sørvest, Gjemnes i vest og Kristiansund i nordvest. Tingvoll kommune vart mykje endra etter kommunerevisjonen i 1965."@nn . "Vestnes er ein kommune i Romsdal i Møre og Romsdal fylke. Kommunen grensar i aust mot Rauma, i sør mot Stordal og Ørskog, og i vest mot Skodje og Haram. Nord for Moldefjorden ligg kommunane Midsund og Molde.I tillegg til kommunesenteret Vestnes, ligg tettstadene Tomrefjord, Tresfjord og Fiksdal, og bygdene Rekdal, Øverås/Nerås, Daugstad og Vikebukt i kommunen."@nn . "Ivar Andreas Aasen (5. august 1813–23. september 1896) var ein norsk språkforskar og diktar. Gjennom innsamlingsarbeid og systematisering la han grunnlaget for den vitskaplege utforskinga av norsk språk. Ivar Aasen er mest kjend for å vera opphavsmannen til landsmålet, opphavet til den moderne nynorsken. Saman med Henrik Wergeland, Ole Gabriel Ueland og Johan Sverdrup var Aasen den leiande i den nasjonale og folkelege rørsla på 1800-talet."@nn . "Sykkylven er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal med om lag 7600 innbyggjarar. Kommune